Hørselskontakt

Dersom du syns at hørselen din har endra seg kan det vere lurt å få sjekka dette. 

Hørselskontakt i kommunen

Hørselskontakt og kan bidra med:

  • Opplæring i bruk av høyreapparat
  • Opplæring i reingjering og vedlikehald av høyreapparata
  • Bistå med å bestille deler som mellom anna filter, slange, batteri og reingjerings-kit
  • Bistå med å sende høyreapparat til service
  • Bistå i utredning av behov for ytterlegare tilbehør til høreapparat (hørselstekniske hjelpemiddel)
  • Kontakt med hørselssentralen din

 

Det er gratis å nytte hørselskontakten. Ein treng ikkje tilvising frå lege, ein kan sjølv ta direkte kontakt med hørselskontakten. Sjå kontaktinformasjon nederst på sida

Likeperson i kommunen

Synnøve Engen er likeperson for personar med tinnitus og personar som brukar høyreapparat. 

Likepersonen kan bidra med:

  • Opplæring i bruk av høyreapparat
  • Samtale om redusert hørsel og tinnitus

Likepersonen kan kontaktast på telefon 917 08 261

Mistenkjer du redusert hørsel?

Dersom du syns at hørselen din har endra seg, kan det vere lurt å få sjekka dette.  Ta kontakt med fastlegen din for å få bistand til vidare utredning, og eventuelt bistand med å skaffe høyreapparat. Hørselskontakten bistår ikkje med å skaffe høyreapparat, men kan hjelpe og rettleie deg i etterkant.

Du kan ta ein digital hørselstest ved å klikke på denne lenka

Hilde Moen Lamo
Ergoterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 06