Tilrettelagt transport - TT-kort

Ordninga med TT-kort gjeld for personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing ikkje kan nytte buss. Funksjonsnedsetjinga må vare i minst 2 år.

Kva du kan søkje om

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar)

Slik søkjer du

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjemaet.
Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport.

Legeerklæringa skal fyllast ut, underteiknast og stemplast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før vi kan behandle søknaden.

Det er vestland fylkeskommune som administrerer ordninga med tilrettelagt transport.

Du finn meir informasjon, søknadsskjema m.m. på Vestland fylkeskommune si heimeside

Randi Storøy
Konsulent
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 47