Kven kan få følgekort?
Du kan få følgjekort dersom du har ein varig eller imidlertidig funksjonsnedsetting og treng hjelp til å delta på aktivitetar i samfunnet eller på reiser.
Slik søkjer du
Du fyller ut ein kort grunngjeven søknad og legg ved 2 passfoto og legeerklæring.
Solund kommune lagar følgekort til deg som treng følge.
Du finn søknadsskjema her (PDF, 12 kB)
Send skjemaet til::
Solund kommune
v/Randi Storøy
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Søknadsfrist
Det er ingen frist for å søkje om følgekort. Innkomne søknader vert hansama fortløpande.
Kva kostar det å få følgekort?
Det kostar ingenting å få følgekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgekort vert akseptert.
Meir om følgekort
Følgekort er eit kort som viser at du treng følgeperson. Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.
Følgekortet er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.
Kvar gjeld følgekortet?
Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller institusjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast alle stadar, må du sjølv ofte undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.
Du kan klage på vedtaket
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar.
Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.
Lovverk og nettstader
Pasient- og brukarrettighetsloven
Les meir om følgekort på nettsida til helsenorge