Står du i manntalet?

Du må ha røysterett og stå innført i manntalet for å kunne røyste ved stortingsvalet 2025. No kan du sjekke om du står i manntalet. 

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn

Manntalet for Solund kommune er no lagt ut til offentleg ettersyn til og med valdagen 8. september 2025, og er tilgjengeleg i papirform på servicekontoret på kommunehuset. Her kan du sjekke om du er oppført i manntalet i opningstidene til kommunehuset

  • Opningstider på servicekontoret er måndag - fredag frå 09.00 - 14.30
  • Du kan óg ringe sentralbordet på telefon 57 78 62 00 i opningstida

 

Manntalet er ei oversikt over kven som har røysterett i ein kommune. Er du busett i Noreg, vert du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert i som busett den 30. juni. 


Har du flytta til ein anna kommune etter denne datoen, står du framleis i manntalet i kommunen du flyttar frå. 
Du kan røyste på førehand i kva kommunen som helst, men skal du røyste på valdagen må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntalsført. 

Feil i manntalet

Om du meiner at du er nokon andre er uriktig innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen vert retta. 

Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast til Valstyre i Solund.
Kravet sendast pr post til Solund valstyre, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

Vi gjer merksam på at opplysningar om butid er underlagt teieplikt jf. folkeregisterlova § 9-1. Kommunen har ikkje heimel til å innhente teiepliktbelagte opplysningar frå Folkeregisteret i samband med valmanntalet. Difor må du som veljar sjølv hente inn slike opplysningar frå Folkeregisteret ved å ta kontakt med skattekontoret eller ved å nytte Skatteetaten sine elektroniske tenester på skatteetaten.no.
Opplysningane skal leggjast ved eit krav om retting av feil i manntalet. 

 

På valg.no kan du lese meir om røysterett og manntal

Hege Trovåg
Fagleiar arkiv
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 24