Førehandsrøysting

Frå måndag 11. august til og med fredag 5. september kan du førehandsrøyste. Hugs legitimasjon når du skal røyste! 

Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen. Men du kan berre røyste ein gong. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen. 

Kommunehuset er ope kvardagar frå 09.00 til 14.30

I løpet av førehandsrøysteperioden vert det i tillegg høve til å førehandsrøyste på Solunddagen, Solundheimen, båtruta i Nord-Solund og Utvær-ruta. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om opningstider for desse røystestadene.

Assistanse i vallokale

Om du treng assistanse til å røyste kan valmedarbeidar hjelpe deg. Du kan sjølv også velje ein annan person enn valmedarbeidar til å hjelpe deg. Alle som hjelper til med røysting har teieplikt.

Hugs gyldig legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon risikerar du å ikkje få stemme. Døme på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, forarkort (også digialt) eller bankkort med bilete.

Heimerøysting

Dei som er sjuk eller ufør og av den grunn ikkje kan røyste i eit vallokale kan søke om å førehandsrøyste heime eller der dei oppheld seg.

Fristen for å søke om heimerøysting er torsdag 4. september kl. 12.00. Ta kontakt med sentralbordet til Solund kommune på 57 78 62 00