Vedlikehald på fleirbrukshuset i Straumen

Som kjent har fleirbrukshuset i Straumen vore stengt ei tid. Det vert no starta opp rehabilitering som gjer at huset kan opnast att

I veke 37 startar arbeid med reparasjon av skade og lekkasje frå avløpet frå bad i 1.etasje.  Arbeidet er planlagt å bli ferdig i veke 41/42, starten av oktober

I kjellaretasjen er det no to offentlege toalett som er tilgjengeleg for publikum også medan rehabiliteringa føregår. 
Det tredje toalettet må reparerast.