Solundprisen 2025

Kven syns du burde å Solundprisen i 2025? Kom med forslag til prisvinnar til prisvinnar

No kan du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du synes har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet.

Solundprisen er oppretta av Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund, Solund Næringssamskipnad og Solund kommune, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr.

Juryen er sett saman av ein representant frå kvar av dei partane og prisen vert vanlegvis delt ut kvart år på Solunddagane i slutten av august.

Årets vinnar vert offentleggjort og heidra på Solunddagane.

Føremålet med prisen er å gje honnør til verksemder, institusjonar eller einskild personar som siste året, eller over lengre tid, har gjort ein ekstra innsats for å utvikle næringslivet i Solund, enten gjennom eiga verksemd og/eller ved å legge tilhøva til rette for andre.

Kriterier

Juryen skal ved val av prisvinnar gje ei grunngjeving for valet. Minst eitt av følgjande kriterier skal inngå i vurderinga.

Uavhengig av prosjektstørrelse, må prisvinnaren ha,

  • Vist særskilt evne til nyskaping
  • Vist særskilt evne til utvikling av eksisterande verksemd
  • Vist særskilt evne til å ta i bruk ny teknologi
  • Vist særskilt evne til å nytte lokale ressursar og lokale føremoner
  • Vist særskilt evne til positiv utvikling av lokalsamfunnet
  • Vist særskilt evne til å skape arbeidsplasser til kvinner og ungdom

 

Kom med forslag til prisvinnar. Send inn ditt forslag med grunngjeving til Solund kommune via dette skjemaet.

Har du innspel eller spørsmål, send ein e-post til post@solund.kommune.no merka, #Solundprisen2025