Vedtak
Solund kommune meiner det er positivt at ein søkjer å forenkle og betre pasientreiseordninga, og meiner mange av dei føreslegne endringane er gode.
Om ein lukkast, vil det vere avgjerande at systemet tek høgd for at landet vårt er ulikt og at ein ser særskild på forenkling for pasientar med lang og «komplisert» reiseveg.
Her må ein sikre god lokalkunnskap hjå sakshandsamarar og det må vere rom for å finne den beste og smidigaste løysinga for pasienten.
Vi har vidare følgjande kommentarar til nokre av punkta i høyringsdokumentet. For grunngjeving viser vi til saksutgreiinga.
§ 1a Reise til og frå spesialisthelsetjenester.
For mange pasientar i Solund er ei «næraste» spesialisthelseteneste i avstand målt i km lengre og mykje meir upraktisk enn reiser t,d, til Bergen som er raskare og enklare sjølv om det i km er lengre.
Systemet må fange opp slike skilnader og det må vere enkelt å forklare dette når ein skal søke refusjon.
§ 8: Unntak for korte reiser.
Solund kommune har forståing for at ein ikkje får refusjon ved ein lokal minstetakst, men meiner det er uheldig at pasientreiseordninga automatisk blir knytt opp til fylkeskommunane si soneinndeling.
For pasientar frå Solund er reisetida min 3 timar og ein er framleis innafor same sone. I tillegg kjem båt som transportmiddel som ein del av reisa. Ein må også løyse nye bussbillettar 3 gongar på vegen, då sonebilletten berre gjeld for 90 minuttar. Dette kan etter vår oppfatning ikkje definerast som ei «kort reise», slik vi oppfattar denne paragrafen skal omtale.
Solund kommune meiner det må lagast enkle system/rutiner som gjer at pasientar frå Solund får like rask handsaming av søknadene og slepp å klage på vedtak før ein får endeleg godkjent refusjon.
§ 16 Transport som organiseres av helseforetaket.
Solund kommune har fått fleire henvendingar på dette punktet, og mange har si årsak i manglande lokalkunnskap hjå dei som planlegg transporten. Pasientar frå Solund har lang reiseveg og med felles drosje må reisa korrespondere med ferje. Det er fleire timar mellom avgangane.
Det har heller ikkje alltid vore overlappande transport.
For å kunne gje forsvarleg transport, MÅ ein sikre lokalkunnskap hjå dei som skal organiserer skyss, og ein må ta omsyn til at reisetid også påverkar om ein opplever at transporten er forsvarleg.
§17 Reiseledsagers og nære pårørendes rett til stønad.
Solund kommune meiner det er rett at reiseledsager har dei same rettane som pasienten, men viser også til kommentar til §8 her.
§22 Dekning av faktiske utgifter til bil
På grunn av lang reiseveg og få alternativ med offentleg transport, må mange pasientar nytte eigen bil for å nå timeavtale på sjukehus.
Det er bra at dette er omtala i punkt c, men det må vere enkle rutiner på å dokumentere dette slik at ein unngår klagehandsaming ved slike søknader.
Behandling
Felles framlegg om endring:
Under § 8: Unntak for korte reiser. Ordlyden “Ein må også løyse ny bussbilett på vegen, då sonebilletten berre gjeld for 2 timar.” endrast til “Ein kan måtte løyse nye bussbillettar 3 gongar på vegen, då sonebilletten berre gjeld for 90 minuttar.”.
Votering:
Felles framlegg om endring vart samrøystes vedteke.
Ordførar sitt framlegg til vedtak med vedteke endring vart samrøystes vedteke.