Vedtak
Solund kommunestyre løyver 150.000 kr frå disposisjonsfondet i tilskot til Hardbakke båtlag til bygging av kaifront med dekke.
Behandling
Representanten Egil Røed er ugild etter forvaltningslova § 6, 1. ledd, bokstav e og deltek ikkje i handsaming av saka.
Ordførar Gunn Åmdal Mongstad ber kommunestyre vurdere hennar ugildskap i saka. Kommunestyre finn ordførar ugild etter forvaltningslova § 6, 2. ledd. Ordførar deltok ikkje i vurdering av eiga gildskap.
Representanten Anne Marie Gåsvær sett fram formannskapet sitt mindretalsframlegg som framlegg til vedtak.
Votering:
Det vart røysta alternativt over formannskapet sitt fleirtalsframlegg til vedtak og representanten Anne Marie Gåsvær sitt framlegg til vedtak.
Formannskapet sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 9 røyster.
Representanten Anne Marie Gåsvær sitt framlegg fekk 2 røyster og fall (Anne Marie Gåsvær og Kjetil Andrè Lambrechts Hatlem).