• Hendelse

Gratis båttur for deg mellom 18 og 40 år

Dato

Lørdag 22. august 2026

Tidspunkt

kl. 14.00 - 16.00

Stad

Hardbakke hamn

Last ned kalenderfil (.ics)

Er du mellom 18 og 40 år og nysgjerrig på Solund som bu- og arbeidskommune?

Laurdag 22. august kl. 14-16 inviterer vi til gratis båttur der du får oppleve Solund frå sjøsida, samtidig som du blir kjend med menneska, moglegheitene og framtidsplanane som gjer kommunen til ein spennande stad å etablere seg. 

Undervegs får du høyre om: 

• bustad- og etableringsmoglegheiter
• arbeidsplassar og næringsliv
• moglegheiter for gründerar og heimekontor
• skule, barnehage og oppvekst
• fritidsaktivitetar og frivillig arbeid
• livet mellom hav, øyar og fjell

Det blir servert tapas og drikke om bord, og turen er ei anledning til å bli betre kjend med både Solund og menneska som bur her. Oppmøte er Hardbakke hamn.

Det er eit avgrensa tal plassar, så her gjeld førstemann til mølla. Meld deg på i dag for å sikre deg plass!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Solund kommune

Om staden

Namn

Hardbakke hamn