• Hending

SoFA: Syslekveld

Dato

Torsdag 23. april 2026

Tidspunkt

kl. 18.15 - 20.30

Stad

Amfiet i Solund skule

Har du eit prosjekt på gang, lyst til å lære noko nytt, eller berre lyst å setje deg ned i godt lag?

På SoFA sin syslekveld kan du strikke, spele, teikne, måle, bygge, reparere, fikle, forme, sysle, skravle eller berre drikke kaffi i godt selskap.

Ta med eigne prosjekt! Vi stiller sløydsalen, kunst- og handverksrommet og amfiet til disposisjon, med moglegheit for bruk av symaskin, arbeidsbenk og anna utstyr. Vi har òg spel og diverse materiell du kan få leike deg med.

SoFA er ein lågterskel-arena for deg over 18 som vil møte nye folk eller berre gjere noko kjekt i lag med andre. Ta med deg naboen, eller kom åleine. På SoFA er det plass til alle!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Solund kommune

Om staden

Namn

Amfiet i Solund skule