• Hending

SoFA: Så- og plantekveld

Dato

Torsdag 9. april 2026

Tidspunkt

kl. 18.15 - 20.30

Stad

Den Hemmelege Hagen (Hardbakke 20)

SoFA arrangerer så- og plantekveld i Den Hemmelege Hagen. 

Vi stiller med jord og diverse frø, men ta med eigne melkekartongar eller anna du vil så i.

Vi fyrer opp bålpanna, så ta òg med noko godt du har lyst å grille. Vi sørgjer for varm drikke. Kle deg etter veret, og gjerne i noko som tåler å bli litt skittent. 
SoFA er ein lågterskel-arena for deg over 18 som vil møte nye folk eller berre gjere noko kjekt i lag med andre. Ta med deg naboen, eller kom åleine.
På SoFA er det plass til alle!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Solund kommune

Om staden

Namn

Den Hemmelege Hagen (Hardbakke 20)