Praktisk informasjon
Hanskar og sekkar kan du hente på kommunehuset, hos BUA eller på Gjenbruket i deira opningstider.
Container finn du her (blir ståande til uke 37):
Kommunehuset
Adresse: Hardbakke 26
Eide
Adresse: Eide 62
Kolgrov
Adresse: Nordrevågen 37
Lurer du på kor du kan rydde? Då kan du bruke kartet i Rydde (ryddenorge.no) for å finne forsøpla område. Hugs å hake av for «forsøpla område» før du søkjer – og skriv inn Solund i søkefeltet. Her kan du òg melde frå om forsøpling som du sjølv ikkje har høve til å rydde, slik at andre kan ta tak.
Ved spørsmål, ta kontakt med Andrea Ramsrud Kjellvang på e-post: andrea.ramsrud.kjellvang@solund.kommune.no
Om arrangementet
Rein Sognefjord 2025 er ein felles ryddedugnad for fjorden vår. Ta med ein ven, nabo eller heile familien – og gå ut for å rydde!
Du treng ikkje vente til sjølve dugnadsdagen – kvar einaste innsats tel.
Hugs: Søppel på land kan lett blåse ut i fjorden, så plukk med deg det du ser – anten det ligg ved vatnet eller langs vegen.