Kor gamalt er huset?

Her kan du lese om kro du kan finn meir informasjon om bygget ditt og alderen på det. 

Kor gamalt er huset?

Det er ikkje alltid lett å vite alderen på eit bygg. Her er nokre stader du kan sjå, og metodar som blir brukte i vurderingar:

SEFRAK

SEFRAK er ei historisk registrering av bygg frå før 1900. Ho gir ikkje vern, men dokumentasjon. 

Slik sjekkar du om bygget er SEFRAK-registrert:

  • Matrikkelen
  • Riksantikvaren sine karttenester

 

Manglar SEFRAK-registrering?
Ikkje alle bygg kom med i registreringa, og somme kan vere både eldre og yngre enn tidlegare vurdert. Då kan det vere nyttig å sjå på andre kjelder.

 

Bygningshistoriske kjelder

Munnlege kjelder

Tidlegare eigarar og andre som kjenner historia til huset, kan gi verdifulle opplysningar.

Panteregister

Eit panteregister gir ei oversikt over kven som eigde ein eigedom, og kva avtalar eller heftingar som var knytte til han, som skøyte, lån eller kontraktar. Registeret blei brukt før den moderne grunnboka, og viser kva dokument som finst i pantebøkene.

For informasjon frå før ca. 1935 kan du søkje i dei digitaliserte panteregistra.
Lenkje: https://media.digitalarkivet.no/tl/preg/browse

Pantebøkene inneheld sjølve dokumenta som panteregisteret viser vidare til.
Lenkje: https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/browse

Gamle grunnbøker

Dei eldre grunnbøkene går fram til ca. 1991. Her finn du mellom anna skøyte, skylddelingar og husmannskontraktar.
 Lenkje: https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb

Oversikt over eigedomar, grenser og heimelsinformasjon.
Lenkje: https://seeiendom.kartverket.no/

Folketeljingar

Gir eit bilete av kven som budde på garden. Søk etter gardsnamn eller bruk fritekst. Lenkje med oversikt, beskrivingar og lenkjer:
 https://www.digitalarkivet.no/content/87/folketellinger-og-manntall

Bruk fritekstfeltet for å søkje etter kommune.
 Lenkje: https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&format=all&archive_key=&jt%5B%5D=15

Gards- og bygdebøker

Finst ofte opplysningar om bygging, bruk, eigarar og endringar.
For Solund: Gards- og Ættesoge, Huset og garden, På tun og tofter.

Gamle kart

Kartverket har mange historiske kart som kan vere til hjelp.
Lenkje: https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart

Jordskifteretten sitt arkiv

Her kan du finne informasjon om grenser og jordskifte.
Lenkje: https://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/kommunelist.wc?ID

Branntakstar

Ei branntakst er ei teknisk beskriving av bygningar. Ordninga starta i 1767 og kan gi mykje informasjon om bygningsmassen og korleis husa var plasserte.

Branntakstane er ikkje søkbare – du må først finne namn i eit alfabetisk kartotek og deretter gå vidare til protokollane.
Lenkje: https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&archive_key=&st%5B%5D=BRTA

Husmannsplassar

Husmannsplassar har ikkje eigne oppføringar før dei blir sjølvstendige bruk. Bruk panteregisteret til garden som eigde plassen.

 

Fagleg datering

Fagleg datering av eldre hus blir vanlegvis gjort av bygningsvernkonsulentar, kulturminneforvaltninga eller handverkarar med erfaring innan tradisjonelle bygg.

Kven kan datera bygg?

  • Vestland fylkeskommune – ved mogleg alder før 1650
  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Private bygningsvernkonsulentar og nokre handverkarar
  • Riksantikvaren – ved mogleg alder før 1537

 

Metodar for datering

Dendrokronologi (årringsdatering)
Metode der ein undersøker årringane i tømmeret for å finne ut nøyaktig kva år treet blei felt. Dette gir svært presis datering, men gir ikkje i seg sjølv fasit på når bygget er ført opp, og må sjåast i lys av skriftlege kjelder og bygningens spor.

Stilhistorisk analyse
Ein vurderer detaljar som vindauge, dører, listverk og beslag. Stilformer endrar seg over tid og kan hjelpe med å tidfeste bygg eller endringar.

Materialanalyse
Undersøking av material som kalkmørtel, naturstein og ulike paneltypar. Særskilde material kan knytast til bestemte periodar.

Aldersvurdering gjennom bygningselement

  • Tømmer og lafteteknikk: type laft, laftehogging, not og samanføyingar kan vise tidsperiode.
  • Spor etter verktøy: merke etter bile, øks, handsag eller oppgangssag er nyttig for datering.
  • Konstruksjonsdetaljar: sperrer, sperrefot, raft, stavline og eldre takløysingar kan avsløre alder.
  • Materialkvalitet: gamalt tømmer har ofte tett årringstruktur.

 

Når du bør vere ekstra varsam

  • Bygget står i eit gammalt tun eller kulturmiljø
  • Tømmer og konstruksjon verkar uvanleg gamle
  • Bygget har teknikkar som peikar mot 1600-talet eller tidlegare
     

Mistanke om før-1650: kontakt fylkeskommunen før arbeid startar

Bygget kan vere eldre enn ein trur. Kontakt fylkeskommunen, vurder datering og unngå store inngrep før du får rettleiing.