Ordførar Gunn Åmdal Mongstad stod for den offisielle opninga og understreka at denne satsinga er eit uttrykk for tru på framtida i eit lite øysamfunn som Solund:
– No har vi investert i eit flott bygg og gode rammer for undervisninga. No er det opp til oss å fylle bygget med læring og fellesskap.
Åsen og Øvrelid har vore hovudentrepenør for det nye bygget. I helsinga si understreka dei det gode samarbeidet som har vore med Solund kommune under gjennomføringa av prosjektet. Dei overrekte også seks verktøykassar som gåve til skulen.

Frå gamleskulen til nye Solund skule
Gjennom generasjonar har born i Solund gått på skule i små krinsar spreidde over øyane – Losna, Hersvik, Ytre Sula, Indrevær, Kolgrov, Hardbakke og fleire. Desse skulane var ryggrada i lokalsamfunnet og starten på ei felles læringshistorie.
Kvar krins hadde sitt vesle skulehus, ofte eitt rom med vedomn og utsikt mot havet.
Læraren underviste, fyrte i omnen og passa på elevane – og borna kom roande eller gåande lange vegar og stigar for å lære seg bokstavane, tala og verda.
Etter kvart som tida gjekk, og nye vegar og skyssbåtane band øyriket tettare saman, vart skulane samla meir sentralt. I 1956 vart det gamle ungdomsskulebygget bygd på Hardbakke – eit staseleg bygg den gongen, med plass til elevar frå heile kommunen. Mange generasjonar har gått her, og har nok eit minne frå dei gamle gangane: lukta av våte regnklede, lyden av musikkrommet, latteren i friminuttet.
Men åra går, og sjølv dei sterkaste bygg treng fornying. Under tidlegare rektor Freddy Indrebø si leiing starta arbeidet med å tenkje nytt – med å drøyme om ein skule som kunne samle alt på ein stad, vere tilgjengeleg for alle, og rusta for framtida.
Den draumen blei etter kvart verkeleg, og no står den nye skulebygget og biblioteket her – lyst, open og fullt av moglegheiter.
Nytt bibliotek
I tilknyting til skulen ligg også det nye offentlege biblioteket, ope for både elevar og innbyggjarar. Biblioteket er ein viktig del av skulebygget – ein møteplass for kunnskap, kultur og fellesskap, og eit symbol på korleis læring varer heile livet. Det knyter skulen tettare til lokalsamfunnet og gjer kunnskapen tilgjengeleg for alle, på tvers av alder og bakgrunn.
Kunstverket Suling
Midt i det nye skuleområdet står kunstverket Suling, skapt av kunstnarduoen DE JENZ,
ei romleg forteljing om nærvær, røter og relasjonar. Skulpturen er bygd opp av to øyformer som reiser seg frå eit felles landskap, ei poetisk tolking av Solund som øyrike og eit symbol på fellesskap og rørsle. I ei av strukturane finst eit periskop som via spegel reflekterer utsikta frå Hardbakke sentrum inn i skulpturen, og knyter slik sentrum og skuleplass saman.
Gjennom form og materialbruk speglar Suling både natur og menneske – tid, stad, tradisjon og endring. Lokalt treverk i lerk og gjenbruk av skifer frå taket på gamleskulen bind historia saman og gir verket solid forankring i staden. Elevane har sjølve fått setje sitt preg på nokre av skiferhellene, som eit uttrykk for delt eigarskap og fellesskap i det nye.

Eit kraftfullt symbol
Å byggje eit nytt skulebygg i ein liten kommune som Solund er meir enn eit praktisk prosjekt – det er eit kraftfullt symbol. I ei tid der mange små lokalsamfunn opplever nedgang i folketal, viser denne satsinga ei djup tru på framtida.
Skulen – og biblioteket – er eit løfte om at barn, unge og vaksne framleis skal ha rom for læring, skaparglede og fellesskap her ute i havgapet.
Det er også eit uttrykk for stoltheit og identitet – eit signal til både eigne innbyggjarar og dei som kjem utanfrå om at Solund er ein stad som vil vidare, som vågar å byggje, og som trur på verdien av å vekse i lag.
Den nye skulen er ikkje berre eit bygg. Han er eit løfte til framtida – og eit takk til alle som kom før.
Til lærarane som heldt varmen i omnen, til elevane som rodde til skuletimen, og til dei som såg at tida var komen for å byggje nytt.
Historia vår lever vidare – i romma, i barna, i bøkene – og i fellesskapet som gjer Solund til Solund.