Slik jobbar Solund kommune for ein trygg og god oppvekst

Solund kommune skal vere ei trygg og god kommune å vekse opp i. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at alle ikkje har det så bra. Det er då viktig å vite korleis vi saman skal gå fram for å hjelpe.

For å sikre at alle barn og unge, gravide og familiar får den oppfølginga og hjelpa dei treng, jobbar tilsette i vår kommune etter BTI-modellen. BTI står for Betre tverrfagleg innsats

Kvifor BTI?

  • BTI-modellen skal sikre at barnehage, skule og andre støttetenester som møter barn og unge til dagleg, har eit lett tilgjengeleg verktøy som skildrar i steg og nivå kva handlingar som skal gjerast når tilsette har ei undring eller uro rundt eit barn/ungdom/familie.
  • Ved at alle tilsette jobbar etter ein handlingsrettleiar ynskjer vi å sikre lik praksis og godt samarbeid, samt unngå at familiar vi er i kontakt med skal oppleve at dei vert sendt mellom ulike tenester i kommunen. 
  • BTI-modellen skal sikre at oppfølging av barn, unge og familiar som strevar er systematisk, evaluerande og i tett samarbeid med den det gjeld.

 

Korleis bruke BTI?

  • Dersom tilsette får ei undring eller ein uro knytt til eit barn/ungdom/familie skal ein som hovudregel følgje BTI-rettleiaren. Målsettinga er at tilsette ser og handlar så tidleg som mogleg, alltid med tanke på barns beste.
  • Det er grunnleggjande viktig at barn, unge og føresette blir involvert på eit tidleg tidspunkt. Ved all oppfølging er medverknad og samarbeid med barnet / ungdommen og føresette ein viktig føresetnad for å få til gode løysingar. Unntaket er ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. Då skal barnevernet og/eller politi kontaktast direkte.
  • Når ein tilsett har kontakt med eit barn/ungdom/familie og ser behov for å samarbeide med andre tenester, skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld.

 

BTI består av

  • ein BTI-rettleiar som viser korleis vi skal gå fram i konkrete tilfelle der vi er bekymra for eit barn/ungdom/familie på ulike nivå. 
  • ein samhandlingsmodell som viser korleis vi på tvers av tenester og nivå jobbar for å sikre rett hjelp til rett tid, og korleis vi skal hjelpe fram systematisk og langsiktig innsats for å betre oppveksten til born og unge i kommunen vår
  • eit koordineringsansvar (ei teneste, "stafetthaldar", som har ansvar for å koordinere den tverrfaglege samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk stafettlogg)
  • ulike verktøy (eks: samtykkeskjema, skala for uro)
  • tilsette sin kompetanse, både om BTI og det faglege innhaldet i arbeidet med tidleg innsats, samordning og medverknad

 

Her finn du BTI-rettleiaren

Her finn du samhandlingsmodellen