Solundprisen

Du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du synest har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet. Fristen for å sende inn kandidatar vert annonsert på kommunen si heimeside og i Solundavisa. Fristen er vanlegvis i midten av juli. 

Solundprisen er oppretta av Solund kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund og Solund Næringssamskipnad, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr. Juryen er sett saman av ein representant frå kvar av dei partane og prisen vert vanlegvis delt ut kvart år på Solunddagane i slutten av august.

 

Kriterie i vurderinga

Juryen skal ved val av prisvinnar gje ei grunngjeving for valet. Minst eitt av følgjande kriterier skal inngå i vurderinga. Prisvinnaren må ha:

  • Vist særskilt evne til nyskaping
  • Vist særskilt evne til utvikling av eksisterande verksemd
  • Vist særskilt evne til å ta i bruk ny teknologi
  • Vist særskilt evne til å nytte lokale ressursar og lokale føremoner
  • Vist særskilt evne til positiv utvikling av lokalsamfunnet
  • Vist særskilt evne til å skape arbeidsplasser til kvinner og ungdom
  • Små prosjekt er like bra som store

 

Innspel til kandidatar

Kom med forslag til prisvinnar. Send inn ditt forslag med grunngjeving til Solund kommune enten på e-post eller i posten. Merk e-post/ brev med «Solundprisen [år]». Alle innspel vert handsama konfidensielt.

Fristen er vanlegvis i midten av juli. Sjå artikkel under Aktuelt når det nærmar seg fristen. 

E-post: gudrun.kristin.fatland@solund.kommune.no 

Postadresse: Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 HARDBAKKE

Tidlegare vinnarar

Vinnarar av Solundprisen
Solundprisen
ÅrstallVinnarar
2025Spar Solund v/Siv E Paulsen og Anita Einen
2024Marine Multiservice AS
2023Kjell Mongstad
2022Barstein AS
2021Heidi Sanden
2020Lågøy Slip AS
2019Solundmat AS
2018Selstad AS, avd Solund
2017Nina Bauge og Tom Erling Bahus
2016Lambrechts Eftf, Nåra
2015Kari og Hans I Steinsund
2014Hallstein og Doris Steinsund
2013Lending Rederi AS
2012Rolf Eide
2011Solund Verft AS
2010Otto og Laila Einen
2009Vidar Hop
2008Nord Solund fiskeriselskap AS
2007Einar Bontveit
2006Torbjørn og Inger Nessen
2005Snella Kystsaum DA
2004Sulefisk AS
2003Sonja og Birger Hjønnevåg
2002Litle Færøy kystkulturlag
2001Øybygg AS
2000Båtsmia