Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam har ansvar for å sikre og organisere psykososial støtte til menneske som vert involvert i ulukker og kriser, og deira pårørande. Det kan vere ulukker, krisesituasjonar eller katastrofar der påkjenninga er for stor for enkeltpersonar, familiar og lokalmiljøet.

Korleis vert kriseteamet aktivert

Kriseteamet vert aktivert av tilsette i kriseteamet dersom det oppstår ei krise der teamet skal gripe inn. Dersom du sjølv er ute for ei ulukke eller krise kan du kontakte lege eller legevakta på telefon 116 117.

Kriseteamet sine oppgåver

Det psykososiale kriseteamet skal 

  • Organisere og koordinere ressursar i ei sorg/krise, ulukke eller katastrofesituasjon
  • Førebyggje seinverknader i samband med ulike hendingar
  • Komme saman for å vurdere og setje i verk naudsynte tiltak
  • Normalisere situasjonen saman med dei kriseråka ved å redusere stress og reetablere ein slags orden og struktur.

Saksgang og klage

Kriseteamet er inne så lenge dette er hensiktsmessig og naudsynt. Teamet vil hjelpe til med at dei involverte får hjelp i det ordinære tenesteapparatet dersom dei treng dette.

Hjelp frå kriseteamet er gratis.

Ein har rett til å klage dersom ein ikkje er nøgd med hjelpa.

Kontaktinformasjon 

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam
TittelVakttelefonTelefonnr arbeidTelefonnr mobil
Vakthavande lege116 11757 78 62 80
Sokneprest57 78 62 15476 69 620
Helsesjukepleiar57 78 62 82991 55 424
Helse- og omsorgsleiar412 91 139

 

Lover og reglar

Pasient- og brukerrettighetslova
Helsepersonellova
Forvaltningslova
Helseberedskapslova
Helse- og omsorgstjenestelova