Foreldrerettleiing i grupper

Solund kommune tilbyr kurset, Child Development Programme (ICDP),  som er eit enkelt helsefremjande og førebyggande program.

Du får ingen ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysningar for deg og ditt barn.

Gjennom programmet kan du møte andre foreldre i grupper for å utveksle erfaringar om forholdet til barna.

Målsetjinga er at den enkelte mor eller far skal bli trygge foreldre, ved å bli bevisste på kva dei gjer som er bra for barna. 

Kurset er grunnleggende og passer for alle foreldre med barn i aldersgruppa 0 – 16 år.
Kurset er gratis og går over åtte treff på to timar, og vert leia av to fagpersonar.

Vi tilbyr eit kurs på hausten og eit på våren.

Du finn meir informasjon på Bufdir sine nettsider

På icpd.no finn du meir informasjon om ICDP-programmet sitt faglege fundament

For påmelding - ta direkte kontakt med Solund helsestasjon
Telefon 57 78 62 82 eller 991 55 424
E-post: hilde.marit.nikolaisen.trovag@solund.kommune.no