Solund godkjent som trafikksikker kommune på nytt

Frå godkjenningsmøtet ang trafikksikker kommune

Trafikksikker kommune byggjer på ei godkjenningsordning med kriterier utarbeidd av Trygg trafikk saman med fylkeskommunane. Godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målretta og heilskapeleg arbeid med trafikktryggleik.

12. november 2025 fekk Solund ny godkjenning som trafikksikker kommune. Denne gjeld frå 2026 til 2028.

Arbeidet med å bli trafikksikker kommune starta i februar 2020, og 8. november 2022 fekk vi første godkjenning. Det ble markert med besøk av Trygg Trafikk, som tok turen til Solund for å overlevere den formelle godkjenninga. Ordførar Gunn Mongstad deltok på markeringa saman med representantar frå dei andre sektorane. Det vart feire med gratulasjoner, kake og blomar.

Systematisk arbeid med trafikktryggleik skapar eit tryggare lokalmiljø. Arbeidet starter med helsestasjon og samhandling mellom jordmor og helsesjukepleiar. På helsestasjon vert informasjon om sikring av baby og små barn i bil. Vidare har barnehage trafikktrygging på møteplan både med personale og foreldre. Barnehageborna får læra korleis ein oppfører seg i trafikken. Skulen fører opplæringsarbeidet vidare med trafikktryggleik definert i deira planar.

Lokalsamfunnet og dei vaksne vert med i det haldningskapande arbeidet for tilrettelegging av infrastruktur og godt informasjonsarbeid. Førebyggjing av auke i ulukke og tilretteleggjing av trygg skuleskyss, gjer innbyggjarane meir nøgde.

Solund kommune har forplikta seg på å ha trafikktryggleik som ein del av HMS systemet for dei tilsette. Kriteria for å bli godkjend som trafikktrygg kommune, krev at kvar sektor dokumenterar at reglar som er pålagt i lover og forskrifter vert følgde. Dokumentasjonen fører ikkje til meirarbeid for kommunen. Det gjev kun ei systematisering av trafikktryggleiksarbeidet.

Arbeidet må forankrast i den politiske og administrative leiinga. Alle dei kommunale sektorane må involverast med sine planar og rutinar. For å gjere eit godt arbeid  og lukkast, er det avgjerande at vi har rutinar og system for å jobbe med trafikktryggleik, og at vi klarer å formidle dette godt ut mot born, foreldre, tilsette m.fl. Slik kan vi saman bidra til ein meir trafikksikker og trygg kommune.

Du kan lese meir om trafikksikker kommune på Trygg Trafikk sine nettsider

Kriterier som må oppfyllast for å bli Trafikksikker kommune