Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Klikk for stort bileteMåndag 9. september 2019 er det val til kommunestyre og fylkesting.
I tillegg vert det val til nytt sokneråd

På denne sida vil det bli lagt ut informasjon om listeforslag, tidleg- og førehandsrøysting, røystelokale og anna viktig informasjon i samband med valet.

Du finn óg meir informasjon på  Valdirektoratet sine sider

Valresultatet for Solund kommune er no klart.

Av totalt 650 personar med røysterett var det 454 personar som røysta i kommunestyrevalet (69,85 %). Av desse hadde 207 personar førehandsrøysta og 247 røysta på valdagen.

Torsdag 17. oktober er det konstituerande møte i det nye kommunestyret som då vel formannskap, ordførar og varaordførar.

Torsdag 05. september 2019 vert det førehandsrøysting på båtruta i Nord-Solund.

Du kan då røyste til både kommunestyre- og fylkestingsvalet. I tillegg har du mogelegheit å røyste til kyrkjevalet.