Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Innbyggjarinnsyn faktura

Klikk for stort bilete

Til deg som får faste fakturaer som kommunale avgifter, eigedomsskatt, barnehage m.m. frå Solund kommune – du kan no få oversikt over alle fakturaene på di eiga «side». På same sida kan du óg søkje utsetjing elektronisk dersom det skulle vere naudsynt. Du loggar deg på gjennom Id-porten (Minid, bankid, bankid på mobil m.m.)

Viktig: Du må stå som fakturamottakar for å komme inn på sida. Dersom du eig ein bustad saman med ektefelle/sambuar vil du ikkje komme inn på sida dersom det er den andre som får faktura på t.d. kommunale avgifter i sitt namn. Du vil heller ikkje finne tilfeldige fakturaer som t.d. byggesaksgebyr. I begge tilfella vil du få feilmelding.

Ta gjerne kontakt med økonomikontoret – tlf 57 78 62 00 dersom det er noko du lurer på.

Lukke til!

 

Link til pålogging