OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Lokalt transporttilbod for ungdom (LTU)

Ordninga med lokalt transporttilbod for ungdom har som målsetjing å gje ungdom høve til å delta på fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveldstid.

Vestland fylkeskommune tildeler midlar til kommunane etter søknad.

Målgruppe

Målgruppa er ungdom mellom 13 og 25 år, men yngre/eldre kan nytte transporttilbodet dersom det er plass.

Type arrangement

Det kan tildelast midlar til ungdomsrelaterte arrangement som

  • dansearrangement i og utanfor kommunen
  • ungdomsklubb
  • kino/teater
  • idrett/trening

Tildeling av midlar til transport som må handsamast av Solund Ungdomsråd

  • Vossatur for ungdomsskulen
  • Konkurransespeling for skulemusikken

Søknaden må komme i forkant av arrangementet.

Billettprisar

  • Kr 50,- tur/retur til ulike arrangement i kommunen
  • Kr 100,- tur/retur til dansearrangement utanfor kommunen
     

Minimum antal deltakarar

  • taxi/båt 3 stk
  • båt utanfor kommunen 5 stk
     

Type transport

  • Solund taxi
  • Vidar Hop skyssbåtar

Avtale og orientering til sjåførar.
 

Organisering

Ein i ungdomsrådet vert vald kvart år som ansvarleg for bestilling/påmelding

Påmeldingsansvarleg gir beskjed til sekretær som har oversikt over økonomien

Kontaktpersonar ungdomsrådet:

Pola Lamert og Marthe Einen Paulsen

 

Retningslinene er vedtekne i Solund Ungdomsråd 26.11.2018.

Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35
Til toppen