Kulturmiljøplan

Arbeid med planen

Planen er under arbeid. I kort trekke er planen å følgje det opprinnelege planprogrammet frå 2015, men det vert lagt opp til at kommunen vurderer å gjere ei enkel verdisetting av kulturminna og at planen endrar namn til kommundelplan for kulturmiljø.  Det er planlagt endeleg vedtak i juni 2024. 

Solund kommune ynskjer å takke for alle innspel som har kome til planen. 

Kulturminne som vert meldt inn i denne kartlegginga kan vere aktuelle å ta med i kulturmiljøplanen. Kulturminne som er ein del av kulturmiljøplanen vil ha fleire mulegheiter til å søkje om tilskot og midlar frå kulturminneordningar. Kulturminne som vert teke med i planen, må ein rekne med får ei omsynssone for kulturminne ved revidering av neste arealplan (kommuneplanen sin arealdel). Føresegner for omsynssone kulturminne i gjeldande kommuneplan, finn du i  §7.2.3 Bevaring kulturmiljø.

Du kan følgje planprosessen på Solund kommune si heimesida: lenke.

 

Aktuelle lenker: 

Anne Kristine Dyrdal
Rådgjevar
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 08