Klima- og naturmangfaldplan

Frå gjeldande klimaplan for Sogn og Fjordane fylke og dei statlege planretningslinjene, veit vi at klimaomstilling krev omfattande tiltak. Dette må skje relativt raskt om vi skal klare 2-gradersmålet, og det langsiktige målet til FN sitt klimapanel om netto nullutslepp. Naturkrisa er rapportert å vere større enn klimakrisa. Solund kommune ynskjer innspel til planarbeidet. 

Klima- og naturmangfaldsplan

Solund kommune har starta arbeidet med ein klima- og naturmangfaldsplan for Solund. Formannskapet har handsama ei planskisse for arbeidet. 

Mål for planarbeidet er:

•    Planprosessen skal bringe fram kunnskap og vidareformidle denne til Solund-samfunnet.
•    Gjennom planprosessen skal det utarbeidast tydelege strategiar og tiltak for å møte klimaendringane og ta betre vare på naturmangfaldet, i ein aktiv og levande kommune.
•    Klima- og naturmangfaldplanen skal bidra til eit meir heilheitleg kunnskapsgrunnlag for klima- og naturmangfaldet i kommunen.
•    Klima- og naturmangfaldplanen skal vere eit grunnlag i arbeidet med neste revidering av Solund kommune sin samfunnsdel og arealdel. 

Hovudområda i planen er:

  • Utsleppsreduksjon
    • Redusere klimaavtrykket:
      • Klimaavtrykk er ein utrekning av den totale klimapåverknad eit land, ei folkegruppe, ein industrisektor, ein person, osv. Klimafotavtrykk kan reknast ut på fleire måtar. Når klimaavtrykket vert rekna ut frå eit geografisk perspektiv, omfattar det berre utslepp som vert sendt ut i et land eller eit geografisk område. Alle globale utslepp kan også reknast ut frå eit forbruksperspektiv. På denne måten vert alle utslepp frå heile verdikjeda, frå frø til levetid og kondemnering for eit produkt eller ei teneste, tildelt oss som forbrukarar.
    • Fjerne direkte utslepp
  • Klimatilpassing
    • Klimarisiko og -omstilling
      • Klimarisiko handlar både om korleis dei fysiske konsekvensane av klimaendringar vil påverke natur og samfunn, og kva overgangen til eit samfunn med netto null utslepp vil innebære. 
      • Klimaomstilling omfattar tiltak for reduksjon av klimagassutslepp, tiltak for klimatilpassing og tiltak for å auke karbonbinding i skog, jord og hav.  Klimaomstilling krev omfattande tiltak og betyr ein transformasjon av dagens samfunnsstrukturar.
    • Klimarettferd og folkehelse
      • Internasjonalt forventar FN sitt klimapanel at millionar av menneske vil bli råka som følge av endringar i klima, miljø og naturmangfald. Deler av befolkninga har ulik kapasitet og føresetnader for å tilpasse seg desse endringane. Befolkningsgrupper som i utgangspunktet har svak helse og dårlege levekår, er svakast rusta til å møte klimaendringane. Vi har erfaringar med at klimatiltak kan råke befolkninga skeivt og urettferdig, noko som kan føre til sosial uro og motreaksjonar.
  • Naturmangfald
    • Ivareta naturverdiane i Solund: 
      • Dei største truslane mot naturmangfaldet er auka arealbruk og oppsplitting av areal, ureining, framande artar og overhausting.
      • I arealdelen 2020-30 er det planlagt kvar vi i Solund kan byggja td. bustader ut frå eit prinsipp om at bustad (og fritidsbustad)bygging bør skje i eksisterande grender, nær eksisterande infrastruktur, og ikkje i konflikt med strandsona, myr, kystlynghei, landskap, friluftsliv, kulturminne, ålmenne interesser etc.

Du kan følgje planarbeidet på Solund kommune si heimeside: lenke

Klimaomstilling

Solund kommune har meir informasjon om klimaomstilling for forbrukarar på ei eiga side. 

Klimaomstilling

 

Aktuelle lenker

Anne Kristine Dyrdal
Rådgjevar
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 08