OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Innspel til ro- og padleruter i Solund

I samband med prosjektet Ro- og Padleruter i Vestland lysast det no ut eit tilskot til kartlegging av ro- og padleruter og til tilrettelegging i samband med roing og padling.

Kommunar og friluftsråd kan søke på tilskotet. 

Utlysing frå Vestland Fylkeskommune

Gjennom prosjektet og utlyst tilskot, ønskjer Vestland fylkeskommune å stimulere til at kommunar og friluftsråd kartlegger ro- og padlemoglegheiter og legge til rette for at endå fleire skal kunne oppleve vestlandskysten frå ein kajakk, kano eller robåt. 

Kartlagde ro- og padleruter skal kunne graderast og implementerast i Ut.no og padleforbundet sin padleapp (skal lanserast no i sommar). Vestland Fylkeskommune vil kunne bistå kommunane med gradering og registrering av padleruter i kart.

 

Solund kommune og Fjordane friluftsråd ynskjer innspel

Solund kommune og/ eller Fjordane Friluftsråd vurderer å søkje om tilskot og ynskjer innspel til ein eventuell søknad. Vi ynskjer innspel til: 

  1. Behov for kartlegging av ro- og padleruter og relevant tilrettelegging og infrastruktur i tilknyting til rutene.
  2. Fysisk tilrettelegging og informasjonstiltak for å gjere roing og padling meir tilgjengeleg for fleire brukargrupper.

 

Frist for å sende innspel er 1. september. Merk innspel med "Ro- og padleruter i Solund".

Lenke til å sende innspel til søknad om ro- og padleruter 

 

Aktuelle lenker

Til toppen