Framside kommunedelplanKulturmiljøplanen er ein overordna plan som seier noko om mål for arbeidet med kulturmiljø i Solund og kva kuturminne er. Vidare inneheld planen eit kulturhistorisk riss, eit oversyn over dei prioriterte kulturminna og eit pragmatisk handlingsprogram.
Solund kommune ynskjer innspel til planen og arbeidet med kulturmiljø i Solund, og oppmodar interessentar til å komme med mest mogeleg konkrete og konstruktive innspel til planframlegget. Eventuelle innspel om nye kulturminne bør innehalde bildedokumentasjon og utfyllande opplysningar. Nye kulturminne bør vere eller bli registrert i Kulturminnesøk av grunneigar eller den som speler inn. Innspel om tiltak bør seie noko om ansvarlege og økonomiske konsekvensar.
Planen skal i denne omgang omhandle temaa frå planprogrammet: kulturlandskap, sjøhus og fornminne. Det er ope for alle innspel, men spesielt ynskjer vi tilbakemeldingar knytt til:
- Framlegget til plan og innhaldet i denne slik det ligg føre.
Planen vil vere viktig for eigarar av kulturminne. Prioriterte kulturminne finn ein i kapittel 3.1 - 3.3 i planframlegget. Eit kulturminne si forankring i planen kan vere viktig med tanke på tilskotsordningar, og tilgang på tilrettelegging for bruk og vedlikehald. Om ein eigar får tilskot til istandsetting eller vedlikehald, inneber det også ei forventning om at ålmenta skal få tilgang til å oppleve kulturminnet. Nasjonalt blir det peikt på at kulturmiljø er felles godar, og ein viktig samfunnsressurs som kan bidra til både miljømessig-, sosial- og økonomisk berekraft. Ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel kan det bli aktuelt å legge omsynssone på kulturminne som er prioriterte i planen.
Innspel/ merknader sendast til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke, eller på e-post til post@solund.kommune.no. Innspel merkast med “Kulturmiljøplan”.
Høyringsfristen er sett til 5. januar 2024.
Solund kommune takkar for alle innspel. Handsaminga av innspela vil bli publisert i eit eige dokument i samband med at planen vert lagt fram for handsaming/ vedtak i mars.
Lenker: