Oljevernberedskap i Solund kommune

Solund kommune er ein øykommune med kort avstand til sterkt trafikerte skipsleier, mellom anna til oljeterminalane på Mongstad og Sture.

Kommunal beredskap Solund kommune har eigen kommunal beredskap for mindre forureining i lukka farvatn.

Interkommunal beredskap Kommunen er medlem av den interkommunale beredskap for olje- og kjemikalievern, IUA Bergen Region. Bergen og omland havnevesen er sekretæriat for utvalet.

Statleg beredskap Kystverket har statleg oljeverndepot i Solund, som vart etablert etter forliset til "Merkantil Marica" i 1989. Depotet er lokalisert til Solund Verft AS og har ein depotstyrke på ti deltidsmannskap.

Telefonnummer ved varsling om brann, ulykke og forureining er 110.

Leiar
  • Tlf: 57 78 62 13
  • Mob: 971 76 822
  • E-post: