Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Informasjon frå Feiarvesenet

Feiarvesenet er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane
Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund. Feiaren si oppgåve er å sikra tryggleiken til innbyggarane og passa på at det ikkje oppstår sotbrann i skorsteinen. Dette blir gjort med feiing kvar 2. år  (kvart år der det er behov for det, dette blir vurdert av feiaren) og branntilsyn av bustaden kvart fjerde år.

Gebyr for feiing og tilsyn som skal betalast inn, er etter sjølvkostprinsippet og blir justert etter behov og kravd inn kvart år, også det året som det ikkje blir utført feiing og tilsyn. Gebyret er rekna å gå i balanse i løpet av ein fire års periode.

Gebyret for feietenesta skal betalast av alle som har omn knytta opp mot skorstein. Om omnen ikkje er i bruk, skal det uansett betalast gebyr så lenge den er kobla opp mot skorsteinen.
Der omnen er fjerna og plombert, vert det ikkje kravd gebyr.

 

Hugs at tryggleiken i bustaden er HUSEIGAR sitt ansvar.

 

Klikk for stort bilete

Du kan nå feiaren ved å ta kontakt med Mafjorden kommune, telefon 56 16 62 00, ved spørsmål om feiing og tilsyn.

  

 

  

Leiar
  • Tlf: 57 78 62 13
  • Mob: 971 76 822
  • E-post: