Brannberedskap i Solund kommune

Solund kommune er ein øykommune med spreidd busetnad. Brannvern, oljevern, politi, ambulansebåt og redningskøyta er viktige ressursar i vår lokale beredskap.

Brannvernet i Solund er delt inn i førebyggjande arbeid og beredskapsarbeid.

Kommunen er medlem i Nordhordaland og Gulen interkommunale brannvern (NGIB). Dei tek seg av det førebyggjande arbeidet med øving/motivasjonstiltak og tilsyn retta mot barnehage, skule, offentleg- og private bygg, som er underlagt spesielt brannsyn.

Beredskap for slokking og redning ved brann og ulykke er ivareteke med eit deltidsmannskap på tilsaman 22 personar. Solund kommune har hovedbrannstasjon på Hardbakke og depot i Hjønnevåg i Ytre Solund.

Brenning av avfall
Solund kommune minner om at brenning av alt avfall er forbode. Brenning av tørt hageavfall kan likevel tillatast i grisgrente område, dersom det ikkje er til ulempe for naboar. Kommunen v/brannvernet skal varslast på førehand. I tettbebygde grender kan ein ikkje brenne bål.


Kontortelefon til teknisk kontor/brannvern er 57 78 62 00

Leiar
  • Tlf: 57 78 62 13
  • Mob: 971 76 822
  • E-post: