OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kunngjering eigedomsskattelister 2023

I medhald av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for år 2023, sak 049/22 og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 28. februar 2023.

Dette er lister som syner takstar både etter formuesgrunnlagsmetoden og etter alminneleg taksering, for alle eigedomar som har fått ein utskriven skatt.

I tillegg er kommunestyret sitt vedtak om for kva eigedomar som har fått fritak, lagt ut til offentleg gjennomsyn.

Om skattelistene

Skattelistene viser dei skattepliktige eigedomane sine matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), takstgrunnlaget, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene er lagde ut på Solund kommune sitt servicekontor og her på Solund kommune si nettside. 

Her finn du skattelister for 2023 etter fomuesgrunnlag (PDF, 326 kB)

Her finn du skattelister for 2023 etter alminneleg taksering (PDF, 300 kB)

Her finn du fritaksliste 2023 (PDF, 118 kB)

Om skattesetlane

Skattesetlane vert sendt via digital post. Dei som ikkje har tatt i bruk si digitale postkasse, får skattesetelen via ALTINN eller direkte pr. brev, om ikkje skattesetelen er lest innan 2 dagar. Eigarrepresentanten må syte for å orientere sine medeigarar om utskriven skatt, dersom ynskjeleg.

Faktura

Faktura vert skriven ut 2 gonger i året; - i juni og desember. Fakturaen vert sendt til eigarrepresentanten eller til rekningsmottakaren der dette er meldt inn særskilt. Vi ynskjer at flest mogleg nyttar e-faktura som betalingsmåte. Det er rimelegast for både skatteytar og kommune.

Skatt under kr. 100,- vert ikkje kravt inn.

Klage

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så sant det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

MERK! Skattetaten er rette klageinstans for alle bustadeigedomar der skatteetaten sin bustadsverdi (formuesgrunnlag) er lagt til grunn for utrekna skattetakst. Du melder sjølv inn endring på skatteetaten si nettside.

Her finn du lenkje til skatteetaten si nettside for endring av formuesgrunnlag på bustaden din. 

Hugs å legge ved dokumentasjon

For andre spørsmål og klager skal eigedomsskattekontoret i Solund kommune kontaktast.

Alle klager må vera skriftlege og påstandar må vera godt dokumentert. Om du meiner noko er feil, så er det størst sjanse for medhald i ei klage på takstnivået, om klaga er godt dokumentert og aller helst vedlagt ein alternativ takst, og då av nyare dato.

Klagefristen er 6 veker rekna frå 28.februar – det vil seie at klaga må vera datert seinast 11.04.2023.

Kontaktinformasjon 

For spørsmål angåande takst etter Skatteetaten sine formuesgrunnlag/bustadverdiar, kontakt Skatteetaten

Telefon: 800 80 000

Postadresse:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønnland
0134 Oslo

For andre spørsmål, kontakt eigedomsskattekontoret i Solund

Telefon: 57 78 62 00

E-post: eigedomsskatt@solund.kommune.no

Postadresse
Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Du finn meir informasjon og skatt på eigedom og bustad på skatteetaten si nettside

Til toppen