Karriererettleiing
- Ynskjer du å snakke med nokon om jobbsituasjonen din ?
- Vurderer du å søkje ny jobb, men er usikker på kva moglegheiter du har?
- Tenkjer du på etterutdanning eller omskulering?
- Vil du tilbake til arbeidslivet etter nokre år heime?
Karriererettleiing er profesjonelle samtaler som skal hjelpe personar, uavhengig av alder og tidspunkt i livet, til å ta val når det gjeld utdanning, opplæring og arbeid. Målsettinga er å styrke den enkelte sine refleksjonar, motivasjon og ferdigheiter til å handtere eiga karriere.
Karriererettleiing er ei frivillig og gratis teneste for alle som ynskjer det. Karriererettleiing kan vere individuelle eller gruppebaserte samtaler.
Vi kan også vere ei støtte i din jobbsøkjarprosess dersom du har spørsmål om CV, søknad og korleis du bør førebu deg til eit jobbintervju.
Er du elev i grunnskule eller vidaregåande skule, skal du nytte rådgjevar/rettleiiar ved skulen din.