Næringsfond

Næringsfondet til Solund kommune er eit distrikts- og regionalpolitisk virkemiddel som har som mål å bidra til å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Solund kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i.

Ved tildeling av midlar vert det lagt vekt på følgjande:

  • God lokal forankring.
  • Prosjekt/tiltak kor formålet er å utvkle tilbud og rammebetingelser som kan styrka og vidareutvikle næringslivet og den regionale arbeidsmarknaden.
  • Prosjekt/tiltak som bidreg til at regioner og lokalsamfunn vert vert meir attraktive å bu i og flytte til (retningslinjer, vedlegg 6, side 7)
  • Tverrsektorielt samarbeid
  • Tiltak som bidreg til å bygge kunnskap og informasjonsdeling lokalt, regionalt og/eller internasjonalt

I tillegg vert det ved tildeling av midlar lagt vekt på at prosjektet/ideen har eit klart mål, kan sannsynliggjere konkrete resultat og læring for vidare arbeid.

Midlane frå næringsfondet skal i utgangspunktet ha ei utløysande effekt og bidra til at prosjekt som elles ikkje ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at at tilskotet skal oppretthalde eit tilbod (www.sjf.no)

Midlar frå næringsfondet skal ikkje gå til følgjande: 

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  • Kausjon eller annan økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver utført av fylkeskommunen, eller andre.
  • Å sette av midlar til uspesifiserte fond.

 

Prioriterte målgrupper og satsninger

Målgrupper: Kvinner, ungdom og innvandrarar er prioriterte målgrupper

Satsinger: Kunnskapsintensive og kreative verksemder med fokus på miljø

 

Varighet:  Støtte til prosjekt kan bli gitt i inntil fem år. Inkludert i dette er driftskostnader knytt til prosjektet.
 

Søknad: Søknader om støtte frå næringsfond og næringslån gjerast via www.regionalforvaltning.no.
Her må ein opprette eigen brukarkonto, ein kan fyrst søkje når ein er innlogga.
 

Fristar: Innkomne søknader vert avgjort av formannskapet i kommunen. Formannskapet behandlar alle søknader som er motteke seinast ei veke før møtet.
For hausten 2018 er det planlagt møte i formannskapet 06.09, 04.10, 01.11 og 15.11
 

Kontaktinformasjon:

Kontakt oss på post@nh-nh.no eller mobil 92625341 for spørsmål og/eller for å avtale time.

Alle som planlegg å søke om midlar i fondet vert anbefala å ta kontakt i forkant av innsending av søknad.

Fann du det du leitte etter?