Produksjonstilskot i landbruket

 

Den einskilde gardbrukar kan søkje om produksjonstilskot. I produksjonstilskotet inngår ei rekkje ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt jordbruk.

Sist endra 20.03.2019 av Marit Utvær

Klikk for stort biletePonnyar på Tangenes Liv Helene Hansen Det er to årlege søknadsfristar for produksjonstilskot i landbruket: 15. mars (med teljedato 1. mars) og 15. oktober (med teljedato 1. oktober)

Det er eit vilkår for å få tilskot at det er vanleg jordbruksproduksjon på garden.

Søknadsskjema finn du her.

 

Tilskot til ulike driftsformer

Du kan søkje om produksjonstilskot til mange ulike driftsformer: Søknad om tilskot til husdyr - Driftstilskot til mjølkeproduksjon - Driftsiftstilskot til spesialisert kjøtfeproduksjon - Driftstilskot til sauehald - Tilskot til dyr på beite - Tilskot til bevaringsverdige storferaser - Tilskot til økologisk husdyrproduksjon og areal - Areal og kulturlandskapstilskot

Fann du det du leitte etter?