Landbruksveg - bygging

Kommunen skal godkjenne nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Dei miljømessige konsekvensane som bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv, vil òg bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

 

Kriterium

  • Ved bygging av landbruksvegar med ei lengd på over 15 kilometer skal det liggje føre ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak 
  • Avkøyringar frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegstyresmaktene

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for: 

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen 
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

    Vedtaket kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, for eksempel å stengje vegen med bom.
Handsaming
Kommunen gjer vedtak om å godkjenne vegutforminga og bygginga, set vilkår for godkjenninga eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd eller ombygd. Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort.
 
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
 
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
 

Søknadsskjema finn du her.

Vedlegg til søknad

Kartdel som viser 

  • planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar 
  • planlagde massetak i samband med vegbygginga 
  • lokaliseringa for alle kjende miljøverdiar i området 
  • eksisterande bygningar
 
Rettleiing
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, for eksempel naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative veitrasear bør òg komme fram.
 
Handsamingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
 
Referanser
Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål
 
 
Fann du det du leitte etter?