Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Odelslova og jordlova

Klikk for stort bilete

Kort om odelslova


Ein eigedom blir rekna som odlingsjord når fulldyrka eller overflatedyrka jord på eigedomen er over 35 dekar, eller det produktive skogarealet på eigedomen er over 500 dekar.

Odelsrett får odlaren når han har vore eigar med full eigedomsrett i 20 år. Hevdstida blir rekna frå den dagen hevdaren blir eigar med full eigedomsrett. Når ikkje anna er opplyst, reknar ein at han blei eigar då heimelen hans blei tinglyst. Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel. Av etterkomarane til odlaren går eldre sysken føre yngre med seg og si line. Adoptivbarn går inn i den vanlege odelsrekkefølgja, men med prioritet etter adopsjonstidspunktet.

 

Buplikt gjeld for eigedomar over arealgrensene for odling. Den som overtek ein eigedom på odel, må sjølv oppfylla lovbestemt buplikt.  Buplikta varer i 5 år. Dersom ein odelrettshavar ikkje oppfyller vilkår om buplikt etter konsesjonslova § 5 andre del, eller driveplikt etter jordlova § 8, kan andre odelsrettshavarar innan fem år etter at overtakinga fann stad, søka eigedomen løyst på odel utan hinder av om eigaren måtte ha betre odelsrett.

Informasjon frå landbruksdirektoratet om odel finn du her

 

Kort om jordlova


Reglane om driveplikt er no berre fastsett i jordlova. Driveplikta ei varig plikt for alle som eig eigedom med jordbruksareal. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil driva eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene.

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie henne opp. Avtala må føre til driftsmessig gode løysingar og vera skriftleg. Avtalar som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta.

Finn departementet at jordbruksareal ikkje vert drive, kan eigaren påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år, eller at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet. Om pålegg ikkje er etterkome når fristen er ute, kan departementet gjera avtale om bortleige av heile eller delar av jorda for inntil 10 år.

Informasjon frå landbruksdirektoratet om driveplikt finn du her.