Konsesjon landbrukseigedomar

Klikk for stort bilete

Når ein kjøper ein eigedom som har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller har eit totalareal over 100 dekar, er det i utgangspunktet konsesjonsplikt på eigedomen.

Søknad om konsesjon skal sendast til den kommunen der eigedomen ligg og på skjema fastsett av departementet. I søknaden skal namn på førre eigar, kjøpar, eigedomen det gjeld og føremålet med og alle vilkåra for konsesjonen vera med. Det er vanleg at det vert krav om driveplikt og buplikt i minst 5 år.

Noko av det som må vurderast ved handsaming av konsesjonssøknaden er:

  • om prisen forsvarar ei samfunnsmesseg prisutvikling
  • om formålet til kjøparen er å styrka busettinga i området
  • og om det vert teke omsyn til heilheitleg ressursforvalting og kulturlandskapet

Krav om konsesjon gjeld ikkje når den nye eigaren er:

  • ektefelle, eller i slekt med eigaren eller ektefellen i rett oppstigande eller nedstigande line eller i eigaren eller ektefellen si første sideline til og med born av søsken, eller er svogerskap med eigaren i rett oppstigande line. Kravet er den førre eigaren må ha konsesjonsforholdet i orden
  • odelsberettiga til eigedomen

Viss den bebygde eigedomen har over 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller eigedomen har over 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfriheita betinga av at kjøparen buset seg på eigedomen innan eitt år og sjølv bur der i minst 5 år.

Søknad om konsesjonsfriheit skal sendast til den kommunen der eigedomen ligg og på skjema fastsett av departementet. Sjå lenker til konsesjonslova og jordlova til høgre på sida her.

Søknadskjema finn du her.

 

Informasjon frå landbruksdirektoratet om konsesjon finn du her.