Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forvaltar ulike midlar som ein kan søka på til utvikling av gardsbruk.

 

 

 

Den einskilde gardbrukar kan søkje om produksjonstilskot. I produksjonstilskotet inngår ei rekkje ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt jordbruk.

Avløysing ved ferie og fritid (avløysarordninga) og avløysing ved sjukdom.

 

Desse tilskota kan gjevast til føretak som har grunnlaget for å søka om produksjonstilskot med husdyrproduksjon per 01.01. det året det vert søkt for. Avløysartilskotet tar utgongspunkt i dyretalet og avløysar må vera over 15 år.

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid legg til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlastning i onnetider. Ein må kunna dokumentere faktiske utgifter med avløysar. Søknad om avløysartilskot er ein del av søknaden på produksjonstilskot.

Informasjon frå landbruksdirektoratet om avløysing ferie og fritid finn du her.

Tilskot til avløysing ved sjukdom bidreg til å finansiere leige av avløysar når den som som har næringsinntekt frå føretaket ikkje kan driva fordi vedkomande er:

Sjukemeld frå arbeid i føretaket, er gravid og mottar svangerskapspenger, mottek foreldrepengar eller eingongsstønad ved fødsel, har omsorgspermisjon i samband med fødsel eller omsorgsovertaking, føl barn til legeundersøking eller anna oppfølging i samanhang med sjukdom eller skade hos born, har omsorg for barn med kronisk sjukdom, langvarig sjukdom eller nedsett funksjonsevne eller har dødd.

Informasjon frå landbruksdirektoratet om sjukeavløysing, og søknadsskjema finn du her.

Kort om odelslova


Ein eigedom blir rekna som odlingsjord når fulldyrka eller overflatedyrka jord på eigedomen er over 35 dekar, eller det produktive skogarealet på eigedomen er over 500 dekar.

Odelsrett får odlaren når han har vore eigar med full eigedomsrett i 20 år. Hevdstida blir rekna frå den dagen hevdaren blir eigar med full eigedomsrett. Når ikkje anna er opplyst, reknar ein at han blei eigar då heimelen hans blei tinglyst. Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel. Av etterkomarane til odlaren går eldre sysken føre yngre med seg og si line. Adoptivbarn går inn i den vanlege odelsrekkefølgja, men med prioritet etter adopsjonstidspunktet.

 

Buplikt gjeld for eigedomar over arealgrensene for odling. Den som overtek ein eigedom på odel, må sjølv oppfylla lovbestemt buplikt.  Buplikta varer i 5 år. Dersom ein odelrettshavar ikkje oppfyller vilkår om buplikt etter konsesjonslova § 5 andre del, eller driveplikt etter jordlova § 8, kan andre odelsrettshavarar innan fem år etter at overtakinga fann stad, søka eigedomen løyst på odel utan hinder av om eigaren måtte ha betre odelsrett.

Informasjon frå landbruksdirektoratet om odel finn du her

 

Kort om jordlova


Reglane om driveplikt er no berre fastsett i jordlova. Driveplikta ei varig plikt for alle som eig eigedom med jordbruksareal. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil driva eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene.

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie henne opp. Avtala må føre til driftsmessig gode løysingar og vera skriftleg. Avtalar som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta.

Finn departementet at jordbruksareal ikkje vert drive, kan eigaren påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år, eller at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet. Om pålegg ikkje er etterkome når fristen er ute, kan departementet gjera avtale om bortleige av heile eller delar av jorda for inntil 10 år.

Informasjon frå landbruksdirektoratet om driveplikt finn du her.

Kommunen skal godkjenne nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Dei miljømessige konsekvensane som bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv, vil òg bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

 

Kriterium

  • Ved bygging av landbruksvegar med ei lengd på over 15 kilometer skal det liggje føre ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak 
  • Avkøyringar frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegstyresmaktene

Dersom du ønskjer å dele frå ein del av eigedommen din, må du søkje kommunen om løyve til dette. I utgangspunktet er det forbode å dele opp ein landbrukseigedom.

Når ein kjøper ein eigedom som har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller har eit totalareal over 100 dekar, er det i utgangspunktet konsesjonsplikt på eigedomen.

Søknad om konsesjon skal sendast til den kommunen der eigedomen ligg og på skjema fastsett av departementet. I søknaden skal namn på førre eigar, kjøpar, eigedomen det gjeld og føremålet med og alle vilkåra for konsesjonen vera med. Det er vanleg at det vert krav om driveplikt og buplikt i minst 5 år.

Noko av det som må vurderast ved handsaming av konsesjonssøknaden er:

  • om prisen forsvarar ei samfunnsmesseg prisutvikling
  • om formålet til kjøparen er å styrka busettinga i området
  • og om det vert teke omsyn til heilheitleg ressursforvalting og kulturlandskapet

Krav om konsesjon gjeld ikkje når den nye eigaren er:

  • ektefelle, eller i slekt med eigaren eller ektefellen i rett oppstigande eller nedstigande line eller i eigaren eller ektefellen si første sideline til og med born av søsken, eller er svogerskap med eigaren i rett oppstigande line. Kravet er den førre eigaren må ha konsesjonsforholdet i orden
  • odelsberettiga til eigedomen

Viss den bebygde eigedomen har over 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller eigedomen har over 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfriheita betinga av at kjøparen buset seg på eigedomen innan eitt år og sjølv bur der i minst 5 år.

Søknad om konsesjonsfriheit skal sendast til den kommunen der eigedomen ligg og på skjema fastsett av departementet. Sjå lenker til konsesjonslova og jordlova til høgre på sida her.

Søknadskjema finn du her.

 

Informasjon frå landbruksdirektoratet om konsesjon finn du her.