Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Landbruk

Klikk for stort bilete

Landbruksforvaltninga for Solund tek seg av kommunen sine oppgåver knytt til landbruket. Viktige oppgåver er tilskotsordningar, lovforvaltning og næringsutvikling.

 

Klikk for stort bileteI linkane til høgre finn du dei viktigaste tenestene, kommunale artiklar og eksterne ressursar på nett relatert til landbruket. Under kvar teneste er det linkar til søknadsskjema, reglar, retningslinjer og lovverk.

I Solund har landbruksnæringa vore stabil. Tal brukarar som søker om produksjonstilskot har hatt ei auka siste åra og det er litt fleire husdyr.

Gjerdelova og beitelova

Kommunen får ein del spørsmål knytta til blant anna gjerdeplikt og beiterett.
Ved å gå inn på lenkja her finn ein nyttig og enkel informasjon om reglane som gjeld på dette området.

 

Stillinga som landbruksansvarleg i kommunen er for tida bemanna kvar fredag.

 

 

Klikk for stort bileteSkadedyrfelling  av hjort

Dersom du har behov for å felle hjort som gjer skade utanom jakttida, kan du søkje om fellingsløyve. Du kan lese meir om skadyrfelling av hjort på hjortevilt.no. Dersom du ynskjer å søkje om løyve til å felle skadedyr nyttar du eit elektronisk skjema.

Nye reglar  gjer at kommunen ikkje lenger kan gje fellingsløyve på skadedyr som kan takast av tildelt kvote, det vil seie at skadyrløyver tilfell automatisk viltfondet.

Ettersøksavtale

Det er krav om at jeger eller jaktlag enten har med seg godkjend ettersøkshund eller har ein skriftleg avtale om dette. Lenke til ettersøksavtale og meir informasjon.