Klimaavtrykket er det samla utsleppet vårt: Både direkte utslepp innanfor kommunegrensene, og utsleppa som følgje av at vi kjøper produkt som er laga og transportert frå andre stader, og frå reisene våre til inn- og utland.
Sjøfart, jordbruk og vegtrafikk er dei største kjeldene til direkte utslepp i Solund kommune. I kommunen si eiga verksemd er dei største utsleppa frå transport og innkjøp av varer og tenester til kommunale bygg og anlegg.
Kjelde: Miljødirektoratet
Solund kommune sin samfunnsdel seier noko om klimaomstilling i kommunen under 4.11 Klimaomstilling. Målsettinga for temaet er: Berekraft i høve klima og miljø skal vere eit førande prinsipp for utvikling og vekst i Solund.
Solund kommune held på med utarbeiding av plan for klima og naturmangfald.
Folkets fotavtrykk
Kjelde: Ducky
Folkets Fotavtrykk er eit klimakart for bærekraftig forbruk. Kartet synleggjer gjennomsnittleg fotavtrykk per innbyggar.
Du kan sjå klimaavtrykket for innbyggjarar på nasjonalt, regionalt, kommunalt og krets-nivå. Det er også utvikla eit verktøy der du kan sjå kor stort ditt klimaavtrykk er.