Volontørprosjektet 2017/2018

Kvart år har Solund teke imot to ungdommar som er her i eit år, hovudsakeleg ein gut og ei jente, men i år er det to jenter. Iryna Illiukhina og Myriam Konst kom til Solund 12. september og har såleis vore her i litt over to månader.

Klikk for stort bilete

Iryna er 22 år og kjem frå Ukraina og har studert historie og arkeologi. I heimlandet har ho vore med i eit gatesirkus der ho blant anna har framført flammedans, noko som mange her fekk oppleve på Lysfestivalen.

Myriam er 18 år og kjem frå Tyskland og er ferdig med vidaregåande. Dans er hennar store hobby, og ho har delteke i konkurranse rundt om i Tyskland.

Dei deler leilegheit i Sildevika på Hardbakke og har funne seg godt til rette i Solund og trivast godt.

Arbeidsoppgåvene er varierte. Dei er mellom anna på Gjenbruket, hjelper til på skulen, er på Litle Færøy, Aktiv på dagtid og litt rundt omkring der ein treng ekstra hender. I tillegg skal dei lære seg norsk og deltek på norskkurs ein gong i veka.

I oktober var det ankomstseminar på Romarheim. På desse seminara møtast volontørar som er i Norge og her knytast vennskap og kjennskap. Både Fjaler og Askvoll har volontørar, og dei er vorte godt kjende med kvarandre.

Solund frivilligsentral er ansvarleg for prosjektet og har sidan starten berre positive erfaringar. Det er viktig å finne meiningsfulle arbeidsoppgåver og det får vi til saman med samarbeidspartane som t.d. skulen, barnehagen, Litle Færøy, Gjenbruket og lag og organisasjonar.

 

Erasmus+

Erasmus+ er eit EU program for ungdommar mellom 18 og 30 år i Europa og 22 andre land i naboregionar. I Norge er det Aktiv ungdom ved Barne- ungdom- og familiedirektorartet som administrerer prosjektet.

Solund Frivilligsental har delteke i dette prosjektet sidan 2009.

Fann du det du leitte etter?