Solund Frivilligsentral

Sentralen koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområde i lokalsamfunnet. Nokon treng hjelp, andre ønskje å hjelpe og alle vil gjerne delta!


Solund Frivilligsentral har som mål å:

  • Synleggjere Frivilligsentralen som ein viktig resurs
  • Legge til rette for integrering
  • Utvikle møteplassar
  • Vere med å legge til rette for kulturtilbod
  • Koordinere og informere i høve aktivitetar og arrangement

Frivilligsentralen er ansvarleg for volontørane og Gjenbruksbutikken.

Sist endra 07.10.2016 av Mark Elvevåg
Publisert 23.11.2017
Volontørane 2017

Kvart år har Solund teke imot to ungdommar som er her i eit år, hovudsakeleg ein gut og ei jente, men i år er det to jenter. Iryna Illiukhina og Myriam Konst kom til Solund 12. september og har såleis vore her i litt over to månader.

Publisert 04.10.2017

Tysdag, torsdag og fredag ope kl. 11.00 - 16.00. Laurdag kl. 11.00 - 15.00

Tysdagar, språkkafè kl. 12.00 - 14.00.

Onsdagar, strikkekafè kl. 18.00 - 20.00

Torsdagar, lunsj kl. 12.00 - 14.00

Alle som ynskjer å delta er hjarteleg velkommen

Fann du det du leitte etter?
Leiar for frivilligsentralen
  • Mob: 412 43 087
  • E-post: