Fjordkysten Friluftsråd

Dagleg leiar Bjarte Engevik - Klikk for stort bileteDagleg leiar Bjarte Engevik Fjordkysten Friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid med Solund, Askvoll, Flora og Bremanger som medlemskommunar. Det er eit ynskje at fleire kommunar vert med, særleg naboane Gulen, Hyllestad og Fjaler.

 

Friluftsrådet har som hovudføremål å legge til rette for og fremje friluftsliv. Allemannsretten står sterkt og ein vonar at fleire områder vert sikra for friluftsliv i framtida. Nyleg vart det arrangert eit  møte i Solund der fleire kommunar var med for å starte opp arbeidet med kartlegging av friluftsområder i kommunane innan 2018.

Friluftsrådet har søkt på midlar for å avhalde friluftskular, totalt 3 veker i Solund og 4 i Flora.  Her vil born og unge i alderen 9-13 få høve til å læra seg grunnleggjande ferdigheiter i friluftsliv. Vi har også søkt midlar til turtilbod både i Askvoll, Hardbakke og Ytre Solund for å få fleire aktive der vi samarbeider med Frivillegsentralen, Helsekoordinator, Turlag og idrettslag.

Ein har også vore pådrivar for å rydde fjærene for plastforureining slik at desse områda igjen kan nyttast til bading, båtliv og andre friluftsaktivitetar, m.a har vi grovrydda fjæra nedanfor der Dagsturhytta i Solund skal oppførast. Friluftsrådet har sendt ein stor søknad til Miljødirektoratet der ein saman med Naturvernforbundet ynskjer å påta seg ansvaret for rydding i alle kystkommunane samt ha tiltak i alle kommunane av Sogn og Fjordane gjennom kystlotteriet. Kysten har lang tradisjon med å rydde og brenne i fjærene. No kan vi ikkje brenne lenger, men har eigna sekker både små og store til å samle avfallet i og få dette levert på godkjente mottak.

 

Kontaktinfo:

E-post: bjarte@friluftsrad.no

Telefon: 994 87 500

Fjordkysten friluftsråd si heimeside finn du her

Fann du det du leitte etter?