Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Fjordane Friluftsråd

Klikk for stort bileteDagleg leiar Bjarte EngevikFjordane Friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid med Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy som medlemskommunar. Det er eit ynskje at fleire kommunar vert med, så ta kontakt med Fjordane Friluftsråd om det er ynskje om å høyre meir. Friluftsrådet har ei nettside med meir informasjon.

 

Friluftsrådet jobbar med:

Friluftsrådet har som hovudføremål å legge til rette for og fremje friluftsliv. Allemannsretten står sterkt og ein vonar at fleire områder vert sikra for friluftsliv i framtida.

Friluftsrådet har årlege friluftsskular i fleire av medlemskommunane.  Her vil born og unge i alderen 9-13 få høve til å læra seg grunnleggjande ferdigheiter i friluftsliv.

Marin forsøpling

Ein har også vore pådrivar for å rydde fjærene for plastforureining slik at desse områda igjen kan nyttast til bading, båtliv og andre friluftsaktivitetar, m.a har vi grovrydda fjæra nedanfor der Dagsturhytta i Solund er oppført. Friluftsrådet sende ein stor søknad til Miljødirektoratet der ein saman med Naturvernforbundet ynskjer å påta seg ansvaret for rydding i alle kystkommunane samt ha tiltak i alle kommunane av Sogn og Fjordane gjennom kystlotteriet. Kysten har lang tradisjon med å rydde og brenne i fjærene. No kan vi ikkje brenne lenger, men har eigna sekker både små og store til å samle avfallet i og få dette levert på godkjente mottak. Fjordane friluftsråd har fått tilslag på denne søknaden og er i gang med arbeidet. Dersom du ynskjer å delta i ryddearbeidet, les meir på Fjordane Friluftsråd si nettside.

Kontaktinfo:

E-post: bjarte@friluftsrad.no

Telefon: 994 87 500

Fjordkysten friluftsråd si heimeside finn du her