Søknadsskjema helse og omsorg

Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon. I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.

Skjemaet må signerast og sendast i posten til kommunen. Adressa står på søknadsskjemaet. Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.

 

Søknadsskjemaet finn du her (PDF, 429 kB)