Kreftkoordinator
Kreftkoordinator er eit lavterskeltilbod til kreftpasientar, pårørande og andre som er ramma av kreft og som har behov for råd og støtte i ein vanskeleg periode. Kreftkoordinatoren kan du ta kontakt med i alle fasar av ein kreftsjukdom.
Kommunen sin kreftkoordinator er Signe Bjorøy. Telefon. 989 03 982
Kreftkoordinatoren kan hjelpe deg med
- Samtale
- Svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
- Kartlegge behov og samordne hjelpeapparat
- Vere ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller der barn er pårørande
- Bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
- Ha oversikt over relevante tilbod og tenester for deg og dine pårørande
Kreftkoordinator kan, når det er ynskje og behov for det, samarbeide med fastlege, NAV, helsestasjon, heimetenesta, sjukeheim, spesialisthelsetenesta, skule, barnehage, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, kreftforeninga og andre.
Ressurssjukepleiarar
Ressurssjukepleiarar i kommunen følger direkte opp pasientar og pårørande innan kreftomsorg og lindrande behandling på sjukeheim og heimetenesta.
Ressurssjukepleiarar i nettverk i kommunen er Merete Espeland Førde og Signe Bjorøy.
Ressurssjukepleiar kan hjelpe deg med
- Samtale, kartlegging og oppfølging
- Førebygging og hjelp til lindring av symptom
- Råd og informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging
- Samarbeid med helsepersonell og informasjon om andre instasar
Her finn du søknadsskjema