Rusomsorga

Oversiktsbilde Solund - Klikk for stort bilete Rusomsorga i Solund Kommune er eit lavterskeltilbod (ein treng ikkje søkje på tenesta).

Alle kan kontakte Rusomsorga; personar som har eller lurer på om dei har eit avhengigheitsproblem, pårørande, born som pårørande og fagpersonar/andre einingar. Rusomsorga tek også i mot bekymringsmeldingar.

Tenesta tilbyr oppfølging, koordinering av tenestetilbod, støttesamtalar, råd og rettleiing, aktivisering.

Rusomsorga samarbeidar tverrfagleg etter behov, og kan hjelpe deg om du har behov for opphald på behandlingsinstitusjon. Tenesta har teieplikt.

Ope for uforpliktande kontakt om du lurer på om du - eller nokon rundt deg held på å utvikle rusmiddelavhengigheit.

Rusførebyggjande arbeid er også ein del av tenesta.

Etter kontakt med rusomsorga i over 3 mnd, har du rett til gratis tannhelseteneste.

 

Ta gjerne kontakt eller kom innom kontoret dersom du ynskjer informasjon.
Du finn òg informasjon i denne brosjyren (PDF, 383 kB).

Her finn du informasjon om Solund kommune sitt tenestetilbod innan helsefremjande og førebyggjande helsearbeid (PDF, 113 kB).

 

Kontaktperson / Ruskoordinator:

Stefan Lysaker

Tlf: 459 74 003 / 57 78 62 63

Mail: stefan.lysaker@solund.kommune.no

Kontortid: Tysdagar kl. 09.00 - 15.00

                 Torsdagar kl. 10.00 - 15.00 

(Kontoret ligg i Næringsbygget; tidlegare lennsmannskontor).

 

 

Rusomsorga i Solund er basert på Rusmiddelpolitisk Handlingsplan, denne kan du lese under her.

Du kan lese Rusmiddelpolitisk handlingsplan her. (PDF, 533 kB)

 

Ruskonsulent
Sist endra 24.01.2018 av Marit Utvær
Fann du det du leitte etter?