Psykisk helseteam

Kommunen skal hjelpe personar med psykiske og/eller rusrelaterte plagar. Psykisk helseteam har ein kommunedekkande funksjon. Eininga skal gi koordinerte og samordna tenester, og skal jobbe for den enkelte sin livskvalitet og verdigheit.

Psykisk helseteam består av sosionom og psykiatrisk sjukepleier. Psykolog har fagansvar for rus og psykisk helseteneste. Teamet skal tilby ei heilskapleg teneste utifrå den enkelte sine behov. For å gje best mogeleg hjelp kan samarbeid med andre tenester vere naudsynt. Personalet kan etter avtale opprette eit samarbeid med andre tenester i kommunen, mellom anna lege, psykolog eller NAV.

Tenesta kan mellom anna tilby:

  • Individuell oppfølging
  • Koordinering av tenestetilbod
  • Individuell plan
  • Ansvarsgruppe
  • Støttesamtalar
  • Råd og rettleiing

     

Kontakt:

For å komme i kontakt med psykisk helseteam treng du tilvising frå fastlege. Dette er mellom anna for å få utført nødvendige somatiske vurderingar.

 

Kristian Åfløy

Sosionom i Solund Kommune

Tlf: 459 74 003

Tenesta er ikkje eit akuttilbod. For akutt hjelp kontakt 113/fastlege/legevakt (116 117)