Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til deg som bruker. Dei skal sikra samhandling mellom brukaren, pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Dei tre første pakkeforløpa er i bruk frå 1. januar 2019:

  • Pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
  • Pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
  • Pakkeforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Forløpskoordinator i kommunen

Kommunen har oppført ein forløpskoordinator som har ansvar for pasientar med behov for koordinerte tenestar, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-3.

For personer som allereie har ein behandlar/koordinator innan psykisk helse- og rustenester i kommunen, er det naturleg at denne personen tar hand om arbeidet med forløpskoordinering.

Oppgåver for forløpskoordinator i kommunen:

  • informere, rettleie og gi råd til pasient og ev. pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus
  • samarbeide med forløpskoordinator i spesialisthelsetenesta
  • sikre heilskapleg oppfølging med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behov
  • sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenestene, samt andre relevante tenesteytarar
  • sikre samordning av tenestetilbodet
  • initiere, innkalle og eventuelt lede møter knytt til koordinering og ev. individuell plan
  • følge opp, evaluere og oppdatere individuell plan
  • førebu og koordinere aktuelle tiltak/tilbod i kommunen i god tid før utskriving, mellom planlagde opphald og under poliklinisk behandling

     

Kontaktperson

Kristian Åfløy, sosionom

Tlf: 459 74 003

For meir informasjon sjå Helsedirektoratet, Pakkeforløp for psykisk helse og rus