Psykososialt kriseteam

Det psykososiale kriseteamet skal:

- Organisere og koordinere ressursar i ei sorg/krise, ulukke eller katastrofesituasjon.
- Førebyggje seinverknader i samband med ulike hendingar
- Komme saman for å vurdere og setje i verk naudsynte tiltak

Kriseteamet skal ha ansvar for å sikre og organisere psykososial støtte til menneske som vert involvert i ulukker og kriser, og deira pårørande.

Det dreiar seg om ulukker, krisesituasjonar eller katastrofar der påkjenninga er for stor for enkeltpersonar, familiar og lokalmiljøet.

Kriseteamet skal normalisere situasjonen saman med dei kriseråka ved å redusere stress og reetablere ein slags orden og struktur.

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam
Tittel Vakttelefon Telefonnr arbeid Telefonnr mobil
Vakthavande lege 116 117 57 78 62 80
Sokneprest 57 78 62 15 476 69 620
Helsesjukepleiar 57 78 62 82 958 46 413/991 55 424
Psykolog 57 78 62 86 469 33 658